fredag 7. desember 2012

Det levande demokratiet


Kampane som blei kjempa på 70-talet, som sjølvbestemt abort, EF-kampen, kampen mot nedlegging av industri osv. er over for lenge sidan. Det å lenkje seg fast til trær å gå ut i gatene med slagord og handplakatar er noko som høyrer til i nostalgifilmar, og som berre praktiserast av yttarste venstrefløy. Dei som kjempa disse kampane er no direktørar i kulturlivet, statsrådar, ingeniørar, legar og godt innlemma i samfunnet. Noreg er verdas beste land å bu i, og verdas rikaste. Generasjonen som vaks opp no har aldri opplevd noko anna enn fred, økonomisk velstand og tryggleik. Kvart 4. år har vi valet mellom lyseraudt og lyseblått, og klassesamfunnet er erklært daudt. Kvifor skal vi protestere når vi allereie har alt?

 «Demokrati» er kanskje det mest brukte ordet i retorikken til vestlege politikarar. «demokratisk val», «demokratiske prosessar», «spreiing av demokrati», «demokratiske rettigheitar», «sosialdemokrati» og ikkje minst «demokratiske verdiar». Det er umogleg å vere ueinig når nokon drar fram demokratiargumentet. Alle parti og andre politiske aktørar brukar det for å grunngi politikken deira, og debattar kan ofte sjåast som ein slags «demokratikonkurranse». Men kva er eigentleg dette demokratiet for noko?
Eit samfunn kor makta ligg i folket, representert av folkevalte. Det er det representative demokratiet vi har i Noreg. Ikkje berre kan vi stemme på den politikken vi likar best, vi har faktisk så stor valfridom at vi til og med kan velje å ikkje å stemme. Noko ca. 30 % av befolkninga gjer kvar gong. Vi kan organisere oss i fagorganisasjonar, streike under lønnsoppgjeret, velje korleis trossamfunn vi vil vere med i, og vi kan protestere mot staten så mykje vi orkar.
Men det er ikkje alt som er like demokratisk som man skulle ønskje. Krigføring i Afghanistan og Irak er ikkje noko det norske folk har vedtatt å delta i, det gjorde stortinget på vegne av oss. Gjennom EØS-avtalen har det komen mange direktiv og politikk som folk flest finn hårreisande, som for eksempel vikarbyrådirektivet, schengenavtalen, og sist men ikkje minst datalagringsdirektivet.
Ikkje på mange år hadde noko sak skapt så mykje engasjement og sinne blant den norske befolkninga som datalagringsdirektivet gjorde. Direktivet går ut på at all elektronisk informasjon skal lagras i fleire år, for å nedkjempe kriminalitet og for å ha oversikt. Privatlivets fred er utruleg viktig for dei fleste, uansett om du driv med våpensmugling eller om du berre likar å ha telefonsamtalane med tante og bestemor i fred. Folk opplevde dette som eit grovt overtramp, og det utløyste ein hel rekke av aksjonar, både på internett, og ute i gatene.
Det er ikkje berre politikken som har endra seg sidan 70-talet, teknologien er noko fullstendig anna enn den var da. Min generasjon er like mykje online som offline, og vi meistrar teknologien frå vi er små. For oss er det ikkje naturlig å skrive innlegg til papiravisar eller demonstrere i gatene, men heller gjere det gjennom internett. Amnestyaksjonar, deling av bilete og film med politisk bodskap, og hacking, er min generasjons måte å drive aktivisme på, kjent om cyberaktivisme. Under den arabiske våren og i occupyrørsla i USA blei informasjon spreie på sosiale media som twitter, facebook, og gjennom bloggar. Det er ein enormt stor makt i det å kunne ytre seg på internett, og dele det med verda.
22. Juli 2011 blei politisk aktiv ungdom i AUF angrepen og drepen av ein politisk motstandar, ein voksen mann som ville utrydde dei og det dei står for. Heile Noreg var i sjokk og fortvilas over vondskapen og hatet som Anders Behring Breivik viste den dagen, og som ei marginal gruppe med nordmenn også støtta. Dommen Breivik fikk beviste at det han gjorde var ein politisk handling, gjort av ideologiske årsakar og ikkje «berre» ein gal manns verk.
Konsekvensen av dette var ikkje at AUF blei utrydda, og at folk slutta med politikk og aktivisme, men heller motsett.  Denne forferdelige aksjonen, som det jo var, sperra opp augo til det norske folk, og viste at politikk fortsatt er viktig i landet vårt. Den trygge mjuke bobla vi levde i sprakk, og mange liv blei endra for alltid.
Mange hundre ungdommar meldte seg inn i politiske organisasjonar som følje av dette. Det vis at engasjementet finst, det treng berre å bli trigga fram.
Alle som driv med politikk ønskjer å engasjere ungdommen. Ungdommane framstillast som late, bortskjemte og giddelause. Dei som har heile framtida framfør seg, som ikkje ser at dei blir utnytta, og som må stille krav og vere samfunnskritiske før det er for seint. Kvifor bryr dei seg ikkje?
Det er ikkje sånn at internettgenet tok over for politikkgenet, eller at dagens ungdom er verre enn førre generasjon. Dei fleste menneskjer blir engasjerte fyrst når noko angår dei sjølv. Ungdom er ei gruppe som ikkje blir høyrt i stor nok grad, fordi vi ikkje har stemmerett og makta til å bestemme over eigen kvardag. Saker som angår ungdom blir bestemt av nokon heilt andre, og debatten rundt ungdomssaker i media finst nesten ikkje. Politikarar og lærerar snakkar mykje om kor viktig det er å få med ungdommen, og dei trur dei gjer viktige tiltak for å få det til å skje, men det er berre tull.

Viss ungdom skal aksjonere eller delta i politikken på nokon som helst måte, må det leggjest til rette for det, og det må skje på ungdommens premissar og ikkje dei voksnes. Engasjementet finst, og aksjonismen lev fortsett, den berre ser litt annleis ut. 


Dette er en tekst jeg skrev på skolen, derfor er den på nynorsk og har språklige feil. Ikke at jeg er feilfri på fritida, men men. Noen tanker rundt dette?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar