tirsdag 7. desember 2010

Medias massive kvinneundertrykkelse (på nynorsk)

Alle veit at staten og domstolane har makt i Noreg, det er sånn demokratiet fungerer. Dei bestemmer kor fort du kan køyre og kor mykje skatt du må betale kvart år.
Dette er den grunnleggande makta, som rådar over alt det praktiske. På den andre sida har du psykologisk makt, som er mykje meir farleg, fordi den rådar over tankane og verkelegheitsopplevinga  di.
Frå du fødes blir du sosialisert inn i ei kjønnsrolle. Er du gut, blir du  fortalt kor stor og tøff du er, mens er du jente får du høyre at du er ei søt og yndig lita prinsesse. Det er forskjellige leikar for jenter og gutar, og dei læare raskt å like forskjellige ting.
En blå lypsyl kosta 20 kr på Coop, mens den nøyaktig same lypsylen i rosa kosta 5 kr meir, og hadde anna beskriving på  baksida. Innhaldet var det same, men den rosa ”gjorde leppene myke og bløde” mens den blå ”var praktisk og hadde sterkt hald”. Eg kjøpte den blå, sjølv om ingen av dei var tiltalande til min smak.
Massemedia veit og utnytte detta. Kvinner verda over les blader som er lagd spesielt for dei, og ser på egne TV – kanalar. Menn ser på filmar og porno som bekreftar kvinnesynet deira, mens jentene får opplæring i å bli disse kvinnene.
Simone de Beauvoir sa en gang:
Du er ikkje født kvinne, du blir det.
Detta er noko som skjønnets – og reklameindustrien ikkje er einig i. Om alle jenter tenkte dette, ville det ikkje vorre nokon eigen kvinnekanal eller andre kjønnsbestemte ting. Vi ville valt interesser og smak helt sjølv, og det ville ikkje hatt noko å si korleis kjønn du har. For det tradisjonelle synet vi har i dagens samfunn er konstruert av reklameindustrien og maktsjuke patriarkar, det er ikkje biologisk å like rosa framfor blått.
Kjønnsrollene gjelder for begge kjønn, men det er mindre åpenrom for kva som er greitt for ei jente å gjere. Menn kan tillate seg å bryte normene og bli sett på som ein helt, mens kvinner blir stemplet som opprørske og hormonelle.
Skjønnhetsindustrien tener millionar på at jenter ikkje passar inn i rammene for idealkvinna. Dette idealet er laga av massemedia og industrien nettopp for å gjere slik at jentene føler det sånn. Ergo har dei makt til å kontrollere korleis du har det med din egen kropp, og til å forme ditt syn på kva som er pent og ikkje.
1 av 3 jenter oppgjer at dei får dårlegare sjølvtillit av å sjå reklame. Den dominerande kvinna i reklamane er ’size zero’ og har perfekt hud. Ho er eit produkt av vår tid, og ein mal for korleis alle jenter bør sjå ut.
Problemet er at dei ikkje er verkelege. Ingen ser sånn ut på ordentleg, det kallast photo shop, eller air brush.
Detta viser kor stygg og kynisk industrien er. Pengar er det einaste som betyr noko i dette kapitalistiske pengejaget. Kva er vitsen med å jobbe mot det perfekte om det ikkje finast? Går det an å bli nøgd om du veit du aldri kjem i mål? Det er ingen tvil om at massemedia fremmer eit farleg og helseskadelig ideal når 50 000 norske jenter har eteforstyrringar, og 1 av 3 jenter på VGS synest dei er for feite.
Kvinner i film er alltid kjempepene og har perfekt personlegdom. Sidan dei er det einaste bilete vi får frå media, tenkjer vi at det er den einaste rette måten å vere. Dårleg sjølvtillit er noko dei fleste jenter sliter med, sjølv om dei ikkje har nokon grunn til det. Dette er nok ein måte å undertrykkje kvinner på. Det skumle er at den er så usynleg, enda den er overalt i media og elles rundt oss.
Ein anna ting media gjer for å hemme kvinnerørsla er at dei framstillar feministar som ein gjeng sinte og maktsjuke traktorlesber. Det å flytte fokuset frå sak til utsjåande er ein typisk hersketeknikk som ufarleggjer kvinnekampen. Media ønskjer ikkje kvinnefrigjering, for frigjorte kvinner gidd ikkje høyre på tullet deira og kjøper ikkje dei unyttige produkta som dei prøver så hard å selje til oss.
Er ein strippar elles ei jente som vel å skaffe seg silikonbryst eit resultat av frigjering eller undertrykking? Spørsmålet er ikkje om hun faktisk ønskjer å gjere dette, men kvifor ho vel det. Kvinnelige idol i media ser ikkje ut som oss vanlege jenter, dei er ’perfekte’, og når ho vaks opp i trua på at denne kvinna er det ’perfekte’, så har ho grunnlaget for å føle at store brystar er kult og kanskje nødvendig for å føle seg som ’ekte’ kvinne.
Det betyr at i eit anna samfunn eller anna tid, kor ho ikkje var så forma av omgjevnadane, så ville kanskje desse vala vorre heilt unaturlege for hennar.  Dette vil ikkje ein som ikkje ser verda frå eit feministisk synspunkt leggje merke til. Dei vil tru at feministen meiner dei er dumme og berre ute etter å rakke ned på valet deira, dei ser det som ein fridom å gjere det dei gjer.
Eg meiner at massemedia har ein stor del av skylda for at likestillinga framleis går så dårleg, og at sosialiseringa styres av kvinnefientlege rekasjonære kreftar. Eg ønskjer ikkje at mine framtidige barn skal bli plassert i eit kjønnsrollebur kor dei ikkje får uttrykkje seg sjølve, og kor individet kun har to alternativer; mann elles kvinne.

3 kommentarer:

  1. Det er ikke kapitalistene sin feil at folk er drit stygge..

    SvarSlett
  2. Interesant blogg du har her, Nora !!!

    SvarSlett
  3. Det er kanskje ikke kapitalismen sin skyld, men det er kapitalismen sin skyld at vi legger så mye vekt på hvem som er "stygge" og hvem som ikke er.

    SvarSlett